Viser innlegg med etiketten kunstoppgåva. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kunstoppgåva. Vis alle innlegg

fredag 12. november 2010

Kunstoppgåva - Inntrykk frå naturen

Her er originalbiletet og tre utkast/utprøvingar. Silkepapirbiletet var det første eg gjorde. Eg arbeidde først ein del med å få bakgrunnen litt lik i fargen som måleriet til Weidemann, og la deretter på strimlane med rosa, grønt, lilla og kvitt litt om einannan for å prøve å få fram litt av uttrykket i originalbileet. Prøvde å legge dei enkelte fargane i retninga som tilsvarte Weidemann sine målarstrøk, og lukkast delvis i det. Det var litt vanskeleg å arbeide med strimlane fordi det vart så klissete med limen. Eg likte resultatet, men såg ikkje det store utviklingspotensialet i arbeidet og ville prøve andre teknikkar.

Vidare prøvde eg meg fram med voksfargar og ulike måtar å bruke dei på i sketchboka, før eg teikna voksfargeteikninga de ser her. Fargane vart i utgangspunktet for sterke for det duse uttrykket til Weidemann, men eg løyste problemet ved å teikne litt svakt med fargane og blande dei til eg fekk ein sterk variant av fargen eg ville ha, for så å teikne over dei og stryke dei utover med kvitt. På bakgrunnen la eg heile stiften nedåt papiret og drog den over. Det skapte eit noko lunde jamt uttrykk, som vart endå jamnare då eg gjekk over med kvitt etterpå. Sjølve dei tre hovudområda med fargar teikna eg med vanlege strekar. Eg hadde ikkje riktig grønfarge, men fekk fram denne ved å bruke både lys grøn og blått. Vart godt nøgd med resultatet. I blåfargen blanda eg blått og lilla. Det fekk òg fram ein fin nyanse då eg gjekk over med kvitt. Eg likte denne teikninga. Det kvite gjorde verkeleg utslag på uttrykket og gav biletet eit slags draumeaktig preg. Bakgrunnen vart roleg og det lilla nedst kan gi assosiasjonar til land og det blå øvst til himmel. Slik blir landskapet ein roleg bakgrunn til hovudmotivet i fargane i midten. Eg ser tydelegare at dette er inntrykk frå naturen.

Men som sagt i eit tidlegare innlegg, foreslo Berit at eg kunne la meg inspirere av Ghada Amer. Eg vart fascinert av uttrykket hennar etter å ha sett litt på nokre av verka hennar på internett. Eg liker at ho bruker broderi og trådar, tradisjonelle metodar kvinner lenge har brukt, til å få fram ein feministisk bodskap. Lause trådendar kan vere verknadsfullt. I arbeidet med Weidemann har eg vore oppteken av å få fram målarstrøka hans, og eg ser potensialet med å bruke lause trådar til å måle med tråd. Dette måtte prøvast ut. Eg diskuterte mykje med mamma om kva som kunne vere gode stoff å sy på. Eg fekk med både strie og linstoff i tillegg til bomullsstoffet eg sjølv har. Eg bestemte meg for å prøve striestoffet først, som vist her.
Eg ville i utgangspunktet ha ein kvit bakgrunn, men ville prøve det brune striestoffet for å sjå korleis det brune passa inn og fordi eg tenkte at det var dette stoffet som passa best saman med linstrygarnet eg hadde tenkt å bruke. Utprøvinga vart òg eit forsøk på å få fram eit Ghada Amer-uttrykk som kunne passe til Weidemann. Trådane her er omtrent berre lause endar. Eg forsøkte å sy dei langs linjer som kunne tilsvare måleriet og brukte kvit tråd for å prøve å få fram retning på strøka, samt det kvite i dei. Eg synest resultatet vart for grovt og fekk ikkje fram det eg ville.

Då bestemte eg meg for å prøve vanleg bomullsstoff, slik eg i utgangspunktet hadde sett føre meg, spesielt etter at læraren påpeika at fargane eg hadde brukt til å farge stoffet likna dei i måleriet. Eg tenkte at det kunne vere eit interessant uttrykk å gå ut frå.


Her er eg i gong på det som skal bli det ferdige arbeidet. For å få fram dei ulike fargane i måleriet til Weidemann, bruker eg ulike nyansar med kvar farge. Det vil få fram eit fargespel og med mange lause trådar kan det bli som eit måleri. Trur eg. Endeleg fargepalett planlegg eg å vise fram i sketchboka.


Eg starta arbeidet med å legge saman framsidestoffet som eg farga tidlegare med to kvite bomullsstoff i same kvalitet. Desse har eg festa saman med den rosa nålefiltinga i nedre og venstre kant. Denne kanten var først rettare, tjukkare og mindre luftig, men eg synest det vart eit for hardt uttrykk. Difor tok eg den av og festa den på nytt, berre luftigare og mindre bestemt i kantane. Det fungerte betre. Denne kanten blir òg som ei ramme rundt resten av biletet og roar uttrykket ned. Etter å ha sydd på ein nyanse av kvar farge, bestemte eg meg for å halde fram med det blå feltet. Her er to steg i utviklinga.

Noko eg liker med dette arbeidet er kontrasten mellom dei geometriske formene i bakgrunnsstoffet og den rosa ulla og dei organiske formene i broderiet. Broderinga blir som planter som veks opp av den rosa ulla og slik blir dette min versjon av Inntrykk frå naturen. Då eg starta på arbeidet var det meir som ein vill idè som eg ikkje heilt visste kor ville gå. Men etter kvart har eg fått fleire tankar og funne inspirasjon i Vilhelm Bjerke Petersen si bok om symbol i abstrakt kunst og no liker eg uttrykket betre og betre. Gler meg til å sjå det ferdige resultatet!

onsdag 10. november 2010

26.10.10 - Farging, siksing av vev, førebuing til kunstarbeidskrav, rettleiing

Tre av mine fem forsøk med farging
Siste forsøk med farging - denne gongen eit større stoffstykke, men svakare farge
- same bretteteknikk som nr. 1 frå venstre i biletet over
Denne dagen fekk vi prøve å farge stoff ved hjelp av teknikken bati batikk, ein av dei mange shiboriteknikkane som finst. Her brettar ein stoffet og surrar det inn med tråd eller legg det i press mellom to blokker, slik at fargen ikkje kjem til alle plassar. Eg prøvde meg på fire ulike måtar. Resultata ser du over, bortsett frå det eine stoffstykket. Det har eg teke i bruk som ein del av arbeidskravet i kunst.

Det eg hadde veva, vart veva sist på den veven - noko som var grunnen til at eg ikkje vevde meir enn eg gjorde og at eg fekk mykje renning å leike meg med
- her er seks og seks trådar knytte saman
Elles skulle vi sikse kantane på veven vår, slik at den ikkje gjekk opp og så ta vår del. Min del ser du over. Den vart ikkje så lang, og eg fekk diverre ikkje prøve den grove veven. Neste gong:)

Weidemann og denne versjonen av Inntrykk frå naturen vann i valet av kunstverk til kunstoppgåva - 150x150 cm - avbilda frå boka om Weidemann av Erik Egeland
Etter diverse diskusjon og idémyldring med meg sjølv og medstudentar, fann eg ut at det var dette kunstverket eg ville arbeide vidare med. Eg liker fargane og fann garn som stemte overeins. Synest dei passar godt saman. Berit viste meg litt av uttrykket til kunstnaren Ghada Amer. Ho syr og let trådendane henge, festar dei ikkje. Det gir eit spesielt uttrykk. Trur eg vil la meg inspirere av det. Vi får sjå.

Elles har eg bestemt meg for å skrive om collage og Picasso sitt arbeid me den teknikken i fagteorioppgåva og fått dette godkjent. Berre å sette i gong!

tirsdag 26. oktober 2010

25.10.10 - Vev og tenkearbeid i høve kunstoppgåva

I dag var første dag på tredje samling og temaet for dagen var veving. Det er spennande fordi eg ønskjer å vite litt om forskjellen mellom vanleg barnevev, slik eg sjølv har drive med og som er enkelt å gjere i skulen, og fordi mamma har ein vevstol heime, som ikkje er oppe, men som kanskje kan bli sett opp dersom dette er noko som fell i smak;)

Eg har fått prøve litt veving i dag og det verkar kjekt! Eg har fått bekrefta at det ikkje er så altfor ulikt barneveven, berre større og lettare (ein slepp nåla, men kan berre skli skyttelen gjennom trådane som ein har tredd på ein slik måte at det er enkelt å dele dei). Eg innser at ein må sette seg inn i ulike teknikkar og planlegge arbeidet før ein set i gang å veve, men det verkar kjekt!

Skytlar og filleskytlar framme til venstre, biletvev framme til høgre, vevstol bak til høgre, snødekt Sogndal bakerst
Hespetre til venstre, biletvev framme til høgre, spolemaskin bak på bordkant til høgre
Det øvste partiet har eg veva:)
Vevearbeidsplassen min
Vi fekk òg høyre litt om farging, sjølv om det hovudsakleg er tema i morgon. Men farging kan gi mønster både etter veving og strikking, som vist nedanfor.

Brukskunst av læraren vår! - strikka hue og veva skjerf - hua og skjerfet til venstre er farga med ein japansk fargeteknikk
Elles var eg på biblioteket ein tur og lånte meg bøker for å finne inspirasjon til kunstoppgåva mi. Tenkte ein del på alle arbeidskrava i dag, men kunstoppgåva var i hovudfokus. Eg har litt lyst til å arbeide med "Student med pipe" av Picasso, men verka til Weidemann og Thaulow fascinerer meg òg. Vanskeleg val.. Skal få rettleiing i morgon:)

Tenkearbeidsplassen min
What to choose? - Picasso, Weidemann eller Thaulow?