Viser innlegg med etiketten oppgåva i visuell kommunikasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppgåva i visuell kommunikasjon. Vis alle innlegg

mandag 29. november 2010

Å arbeide STORT

Detalj

Under utvikling

Stor utstilling!

Eg laga ein ny versjon av arbeidet mitt i visuell kommunikasjon fordi eg ville prøve å arbeide stort, etter forslag frå Berit. Stort vart det, og gøy var det! Midla eg hadde å bruke var ikkje så gode som på den førre versjonen, men eg synest resultatet vart kjekt:) Det vil eg ta med meg ut i skulen; å arbeide stort er gøy og heilt annleis enn å arbeide lite og ein kan få til mykje med billige alternativ, men godt papir og god måling er best å arbeide med!

onsdag 10. november 2010

Samanfattande faglege refleksjonar over arbeidskravet i visuell kommunikasjon

Første utkast - blyantteikning - frihand i sketchboka
Etter å ha arbeidd meg gjennom minna frå første samlinga i Sogndal, bestemte eg meg for å starte arbeidet i sketchboka med å bruke blyantane mine til å teikne eit uttrykk for kva eg tenkte i høve besøket på dei heibergske samlingane og det å vere student. Resultatet vart ei teikning der eg fekk arbeide litt med overlapping, skuggelegging og perspektiv. Linjer og storleiksforhold synest eg fekk fram djupne i biletet, og særleg ved treet i midten i høve murane bakom synest eg at overlapping vart vellukka i biletet og skapte ein god illusjon av at treet stod framom murane. Katten føre huset og delen av sjøen som er utan båt, der bølgjene slår mot land er andre delar av biletet eg liker. Katten ligg godt på steinhella eg har plassert den på og linjene i sjøen viser bølgjene på ein god måte.

Det er likevel mange svake punkt i teikninga, mellom anna hushjørnene, som blir flate i uttrykket, steingardane, som mest liknar rabbel, graset kunne fått meir liv og eg kunne utvikla båten og området rundt sjøen meir, for å nemne noko. Komposisjonen er grei og eg får fram at arbeidet er mangfaldig og hardt - både slått, åkerarbeid, fiske og husdyravl. Men på grunn av dei svake delane av uttrykket ønskte eg ikkje å arbeide vidare med biletet.

Linotrykk utarbeidd med arbeidskravet i visuell kommunikasjon i minnet
- livet er ein veg og sola skin i varierande grad, somme gonger klårt og andre gonger bakom skyene

Andre utkast - voksstiftteikning - frihand i sketchboka
Medan blyantteikninga er røyndsnær, er voksfargeteikninga meir symbolsk og direkte uttrykk for ein tankeprosess. Eg tok ideen frå linotrykket og utvida den. Tidlegare har eg skrive litt om kva eg har lagt i dei ulike delane av biletet. Vegen lagar ein slags samanheng i komposisjonen, men samanhengen er svak og uttrykket rotete. Det blir for mange enkeltelement som betyr noko og ikkje så stor samanheng mellom dei. Alfabetet tek ein stor plass og er eit symbol for utvikling, men fungerer ikkje så godt når det er i hovudfokus. Elles lærer ein jo heile alfabetet over kort tid, så symbolkrafta er gjerne ikkje så sterk. Det mest interessante med det, og grunnen til at eg synest det er litt kult, er nettopp det at alfabetet stoppa ved STU, som er dei første bokstavane i student. Ein kan vel seie at fascinasjonen for språket her fekk ei stor meining. Eg kunne arbeide vidare med å få ein tydelegare samanheng mellom elementa i komposisjonen, men valde å ikkje arbeide vidare med denne ideen.

Tredje utkast - akvarellblyantar, vatn og collage - akvarellpapir A5/knurva sjokoladepapir
Deretter fekk eg ein idé eg òg skildra i det tidlegare nemnde innlegget. Eg likte fargesymbolikken og ideen om at lyse og mørke sider går om einannan i livet, noko renneeffekten kunne uttrykke. Spiraltrappa er eit uttrykk for at det å vere student er ein veg oppover der ein ikkje heilt veit kva som ventar seg rundt neste sving. Spørsmålsteiknet understrekar denne uvissa, men er i gull fordi studenttida likevel er ei god og verdifull tid, sjølv om uvissa er der.

Eg arbeidde ein del med skisser i sketchboka for å komme fram til ein realistisk måte å framstille spiraltrappa på. I tillegg vurderte eg om spørsmålsteiknet skulle vere i gull eller sølv. Eg valde gull fordi det passa best overeins med dei andre fargane og det varme uttrykket eg ønskjer i biletet. Denne komposisjonen er enklare enn dei føregåande utkasta, men likevel uttrykksfull. Den seier mykje med få element og det enkle er ofte det beste. Eg valde å arbeide vidare med dette uttrykket.

Vidare arbeid, tredje utkast i ein annan teknikk - collage - farga ark og utklipp
Etter ein del arbeid med fagteorioppgåva og Picasso sine tidlegaste arbeid med collage, der han mellom anna brukte avisutklipp, prøvde eg å uttrykke noko av det samme som akvarellbiletet ved hjelp av utelukkande collage. Bakgrunnen er farga ark i strimlar i ulike tjukknader, midtsøyla er utklipp frå eit husflidsblad og trappetrinna er dels utklipp av ulike typar golv frå reklamar og dels kladdepapir farga med brun konditorfarge.

Denne utprøvinga hadde ulike kvalitetar. Eg synest bakgrunnen vart meir rotete og bakgrunnen og trappa slo kvarandre på ein måte i hel. Fargane vart for sterke og linjene i konflikt, spesielt fordi trappetrinna har ulike mønster og fargar. Eg prøvde å ha søyla både i svart silkepapir og i utklipp som vist her. Silkepapiret gav eit rolegare uttrykk, men i og med at eg visste eg ikkje ville bruke dette utkastet vidare, på grunn av bakgrunnen, ville eg prøve ut utklippet for å sjå kva det gjorde. Resultatet vart igrunn endå ein ting som gjorde uttrykket rotete.

Trappa var det eg likte best her. Eg likte den betre enn trappa i det opphavlege uttrykket, fordi den viser tydelegare kva veg den går; først bakom søyla og deretter framom. Den tredimensjonale effekter kjem betre fram. Researchen eg gjorde i høve spiraltrappa i sketchboka gjorde utslag.

Ferdig arbeid, iallfall inntil vidare - akvarellmåling og collage
- akvarellpapir A3, silkepapir, knurva sjokoladepapir, utklipp, kladdepapir farga med brun konditorfarge
Etter dei to forsøka, gjorde eg dette biletet for å få fram det beste frå dei to utprøvingane. Eg likte trappa best i collagen, bakgrunnen best i akvarellmålinga, valde heller silkepapir i søyla og ville ta med teiknet frå akvarellbiletet. Men gjorde det på ein annan måte denne gongen. I staden for at spørsmålsteiknet overskugga trappa/vegen framover, ville eg at trappa skulle få meir fokus og at spørmålsteikna skulle vere ein del av søyla, det berande i trappa. Teikna viser ei utvikling både i verdi (sølv til gull til platina) og tryggleik. I starten er ein usikker på valet av utdanning og det kan prege kor godt ein har det. Vidare blir ein tryggare på det ein gjer og blir betre. På enden av studietida er ein klar til å gå ut i jobb og få erfaring!

Denne gongen brukte eg tradisjonell akvarellmåling i staden for å teikne med blyant først og pensle på vatn etterpå. Det gav eit betre resultat. Då eg pensla vatn på blyantstreken vart ikkje all fargen vatna ut, så streken var framleis delvis synleg. Det vart betre då all fargen rann. I tillegg brukte eg to blåfargar på resultatet, slik at den sida vart meir liv i. Eg er stort sett nøgd med resultatet.

fredag 22. oktober 2010

Vidare arbeid i visuell kommunikasjon

Har tenkt ein del på oppgåva i visuell kommunikasjon. Gjorde ei teikning med voksfargar. Ikkje det heilt store, men har arbeidd litt med symbolfargar. Vegen ein går på går framover i livet, ein lærer meir, ein bokstav om gongen. Alfabetet kjem til STU, dei tre første bokstavane i student. Som student har ein mykje med seg frå vegen ein har gått. Vegen går gjennom både raudt og blått, kjærleik og melankoli. Raudt er òg fargen sosialistane bruker, så på den sida av vegen er den sosiale utviklinga - frå egosentrisk til blikk ut i verda. Den blå sida er meir den individuelle utviklinga; først grunnmur, så etasje på etasje. Både alfabetet og etasjane gir litt djupne i rommet. Dette er mogleg å arbeide vidare med.


Deretter kom eg på ein idé om å få vassfargar til å renne frå kvar si side på eit ark, gult og blått, og så la dette danne ei slags trapp oppover. Det glade og triste går hand i hand og lærer oss ting i livet. Der fargane blandar seg blir det grønt, fargen for liv. Tenkte etterpå å anten lime på eller teikne/male på andre ting i midten av biletet for å vise kva ulike steg i trappa kan innehalde.

Forsøk med vassfargar og akvarellpapir

Utstyret eg brukte- vassfargar i blyantform, akvarellpapir og vatn påført med pensel og svamp
Akkurat no liker eg det siste utkastet best. Funkar bra med vassfargar, men trappa blir ikkje så tydeleg. Kan kanskje vere ein idé å prøve å lage noko liknande med kolstift, sjølv om det då ikkje nødvendigvis blir "ekte" renneeffekt.

tirsdag 12. oktober 2010

Naturleg inspirasjon

Det har vore vakkert haustver dei siste dagane, både i Bergen og heime. Det resulterte på fredag og laurdag i flotte bilete utandørs. Eg er særleg imponert over fargeprakta i naturen om hausten. Ein kan finne komplementærfargar i mange versjonar, og dersom ein tek med den gnistrande blå himmelen, finn ein alle grunnfargane i NCS, Natural Color System; grønt, gult, raudt, blått. Her er nokre glimt frå vandringa mi:









Det er ikkje vanskeleg å sjå kva lyshøve har å gjere for motivet, men naturen har absolutt mykje å by på! Kvart enkelt av bileta kan relaterast til temaet "å vere student" både fordi det handlar om å vekse og bli ein del av samfunnet og å skilje seg litt ut.

mandag 13. september 2010

Sidan sist: oppbevaringsmappe, utstyrseske og første utkast til arbeidskrav

IKEA-kartong og teip - voilà!
Vi fekk beskjed om at vi måtte lage ei oppbevaringsmappe til utprøvingane våre. Dei som vi har til no, er i storleik A3, så det måtte vere plass til det og helst litt til. For å seie det slik; IKEA-kartong kan ein bruke til mykje:)

Elles har eg ordna meg ein utstyrsboks og fylt den både med tinga heimafrå, nye ting eg har kjøpt, som papirsaks, stoffsaks og markeringstape og nokre ting frå hybelen, som til dømes måleband og blyantkvessar.

Skoeska med det rare i


Omsider har eg komme litt lenger enn å berre tenke på det første arbeidskravet i faget. Det er innan visuell kommunikasjon, og vi skal bruke eitt eller fleire av tre gitte mål frå Kunnskapsløftet i oppgåva; nytte overlapping i arbeid med teikning og maling, bruke enkle funksjonar i digitale biletbehandlingsprogram, identifisere og samtale om bruk av symbolfargar. Ved hjelp av desse måla skal vi skape eit uttrykk i visuell kommunikasjon knytt til temaet "å vere student". Oppgåva skal utførast i fire punkt, og skal så innleverast med logg/blogg med faglege refleksjonar, skisser og utprøvingar. Det første punktet har mellom anna vist seg i dei føregåande innlegga; å hente inspirasjon til oppgåva gjennom minne frå dei to dagane på første studiesamling, samt i kunnskapskjelder knytta til visuell kommunikasjon og kunst. Sistnemte inspirasjonskjeldegruppe har eg ikkje arbeidd aktivt med, men litt sånn smått i tanken innimellom, til dømes i høve ein hobbyklubb eg er med i. Teikninga nedanfor er det første arbeidet i punkt to i framgangsmåten; å teikne, male, fotografere og skape minst 3 ulike utkast til eit arbeid. Dei to siste punkta er å velje eitt av utkasta og prøve det ut i minst to ulike variantar av teknikk, før ein tek valet på teknikk og fullfører det endelege arbeidet. Måla for oppgåva er å få erfaring med og øve opp
  • grunnleggjande dugleikar i teikning, maling, komposisjon
  • bruk av formalestetiske verkemiddel (som eg ser fram til å lære om no på neste samling)
  • evna til å gi uttrykk for eigne inntrykk
Eg er ikkje van med å arbeide på denne måten, så det verkar litt uoverkommeleg, men det kan gjerast både veldig stort og veldig lite, så eg får prøve å finne ein god balanse. I teikninga her, som er utført med blyantmjukne 3B og 6B, har eg teke utgangspunkt i inntrykk frå dei heibergske samlingane, både i motiv, tanke bak og faglege tips på frihandsteikning frå Tom Teigen; å nytte heile arket. Ein person driv og slår gras med sigd, noko som for mange ungdommar er framand i dag. Sigden er bytta ut med bøker - slått og studie er begge deler arbeid.