tirsdag 14. september 2010

Glimt frå første dag, andre samling

Photoshop ftw =D
10.00 - 12.00 Photoshop
12.00 - 12.30 Å lage lenkje til bloggen frå Fronter
12.30 - 13.00 Lunsj, der min kjære mann brakte meg skrinet med det rare i
13.00 - 17.00 Forelesing og praktiske øvingar knytt til formalestetiske verkemiddel og fargelære

Linjer skapar rom
Fleire rom
Flater kan òg skape rom - overlapping
Fargelære ftw - her med i arbeid med eigenkontrast =D
Å definere flater ved hjelp av fargegrupper frå to ulike delar av Ittens fargesirkel


I det store og det heile ein interessant, variert og givande dag!

mandag 13. september 2010

Sidan sist: oppbevaringsmappe, utstyrseske og første utkast til arbeidskrav

IKEA-kartong og teip - voilà!
Vi fekk beskjed om at vi måtte lage ei oppbevaringsmappe til utprøvingane våre. Dei som vi har til no, er i storleik A3, så det måtte vere plass til det og helst litt til. For å seie det slik; IKEA-kartong kan ein bruke til mykje:)

Elles har eg ordna meg ein utstyrsboks og fylt den både med tinga heimafrå, nye ting eg har kjøpt, som papirsaks, stoffsaks og markeringstape og nokre ting frå hybelen, som til dømes måleband og blyantkvessar.

Skoeska med det rare i


Omsider har eg komme litt lenger enn å berre tenke på det første arbeidskravet i faget. Det er innan visuell kommunikasjon, og vi skal bruke eitt eller fleire av tre gitte mål frå Kunnskapsløftet i oppgåva; nytte overlapping i arbeid med teikning og maling, bruke enkle funksjonar i digitale biletbehandlingsprogram, identifisere og samtale om bruk av symbolfargar. Ved hjelp av desse måla skal vi skape eit uttrykk i visuell kommunikasjon knytt til temaet "å vere student". Oppgåva skal utførast i fire punkt, og skal så innleverast med logg/blogg med faglege refleksjonar, skisser og utprøvingar. Det første punktet har mellom anna vist seg i dei føregåande innlegga; å hente inspirasjon til oppgåva gjennom minne frå dei to dagane på første studiesamling, samt i kunnskapskjelder knytta til visuell kommunikasjon og kunst. Sistnemte inspirasjonskjeldegruppe har eg ikkje arbeidd aktivt med, men litt sånn smått i tanken innimellom, til dømes i høve ein hobbyklubb eg er med i. Teikninga nedanfor er det første arbeidet i punkt to i framgangsmåten; å teikne, male, fotografere og skape minst 3 ulike utkast til eit arbeid. Dei to siste punkta er å velje eitt av utkasta og prøve det ut i minst to ulike variantar av teknikk, før ein tek valet på teknikk og fullfører det endelege arbeidet. Måla for oppgåva er å få erfaring med og øve opp
  • grunnleggjande dugleikar i teikning, maling, komposisjon
  • bruk av formalestetiske verkemiddel (som eg ser fram til å lære om no på neste samling)
  • evna til å gi uttrykk for eigne inntrykk
Eg er ikkje van med å arbeide på denne måten, så det verkar litt uoverkommeleg, men det kan gjerast både veldig stort og veldig lite, så eg får prøve å finne ein god balanse. I teikninga her, som er utført med blyantmjukne 3B og 6B, har eg teke utgangspunkt i inntrykk frå dei heibergske samlingane, både i motiv, tanke bak og faglege tips på frihandsteikning frå Tom Teigen; å nytte heile arket. Ein person driv og slår gras med sigd, noko som for mange ungdommar er framand i dag. Sigden er bytta ut med bøker - slått og studie er begge deler arbeid.