mandag 30. august 2010

Meir av utstyret i boks og forsøk med pennesplitt

Barn har ofte gått i foreldre sine fotspor. Mamma er aktivitør og dreiv i løpet av utdanninga med mykje teikning, litt måling, veving og mykje meir. Slik har ho ein del utstyr liggande. Det og anna fekk eg med meg heimafrå i helga -veldig greitt.

Mykje forskjellig til utstyrsboksen

Penslane eg fekk med er i storleik 0, 3, 4 og 8 - kjem eit stykke på veg med det skulle ein tru. Elles fann eg i kveld ut at det kanskje kunne vere greitt å prøve og bruke pennesplitten til å teikne med. Her er resultata; ein heilfigur på frihand og eit nærbilete etter modell frå biletet på denne sida: http://brian-mann.staff.shef.ac.uk/images/mann.jpg



fredag 27. august 2010

Utstyrsliste: tusj med tre breidder - check!

På tysdag fekk vi utlevert ei liste over ting vi treng i løpet av kurset. Mellom anna trengte vi tusjar i ulike breidder. Det kunne vere vanlege tusjar, ein tynn rund og to ulike breidder med flate kalligrafipennar eller pennesplittar. Mamma har eit sett slike pennesplittar og dei har eg fått låne! Her er arsenalet:


torsdag 26. august 2010

24. august - bloggfødsel, skriftkunst og utstilling

Kort oppsummert dag: Overskrift + 8.15 Datalab - 15.00 Grafisk verkstad

Produkt etter dagen:
  • brukarnamn og passord til datapålogging og Fronter etter kvart
  • meir eller mindre innpoda kunnskap om sketchbook, Kunnskapsløftet for kunst og handverk (K&H), personopplysingslov og opphavsrett, biblioteksrutiner, gjeldande planar for K&H innan grunnskulelærarutdanninga, utstyret vi treng til faget, foreløpig pensumsliste og første arbeidkrav
  • framføring om ulike nettsider som kan nyttast på ulike måtar i K&H-faget - av lærarar og/eller elevar - eg og Lena la fram artlex.com, eit kunstleksikon med definisjonar om over 3600 termar innan kunst; mellom anna spiseskei;)
  • studentbloggar som denne
  • ulik utprøving av skrift av ulike typar og storleikar, med og utan skugge og tredimensjonal effekt 
  • gruppeutstilling av dagens og gårsdagens teikningar - der gruppene sjølve fekk stå for utval og oppsett 

Praktisk tips: Å vere nær gjer at ein kan sjå og gjere noko med detaljar, å gå på avstand gjer at ein kan sjå heilskapen.

onsdag 25. august 2010

23. august - ein dag på museet

Første dag, første samling!

Introduksjon: Anders Svor - om Berit Slåttum, ein lærar, sitt museumsbesøk - for å inspirere. Kan nyttast i skulen; gode opplevingar er god reklame og dersom opplevingane blir skildra av ein signifikant andre er det endå betre:)

Gullkorn: Kunst og handverk handlar om å sjå og å lære seg å sjå!

Vidare: Det er viktig å ha kunnskapen som gjer at vi som lærarar kan legge lista passeleg høgt i dei ulike oppgåvene vi gir elevane. Berre slik kan vi skape gleda som ligg i meistring!

Deretter: Tur til dei heibergske samlingane, Sogn Folkemuseum

Museumslektor Anne Avdem fortalte oss engasjert om han godaste Heiberg og kva tilbod museet har for skuleklassar. Museet har absolutt mykje å bidra med! Ho viste oss òg litt rundt, og vi var innom fire hus i området; skulestova bygd i sveitsisk stil, der vi fekk prøve oss i å skrive med pennesplitt og blekk, Underdalsstova, lensmannsstova frå Underdal som var det første huset Heiberg fekk tak i til samlinga si, Geithusbui, ei sengebu frå 1596 og ein plass knytt til familien til mannen min, samt Stavedalsstova, som er ideell til eventyrlesing og flott innreidd. Å komme inn i og oppleve så gamle og velbrukte hus kan gi inspirasjon til mangt!

Som avslutning på dagen nytte vi området, både ute og inne, til å finne objekt og teikne dei. For min del gjekk eg rundt i utstillingane innandørs og fann eit drammeglas og ein sigd eg teikna.

Kateter
- and the wonderous light outside


Orgel, type trø


Pennesplitt og blekk


Sengeteppe og soveromsglimt frå lensmannsstova frå Underdal


Seng i Geithusbui


Dekka bord i Stavedalsstova


Modell nr. 1


Modell nr. 2
(sigden til venstre)


Teikningar av modellane; glas, prøve 2 og sigd, prøve 1

tirsdag 24. august 2010

Velkomen!

Då var bloggen oppretta og første samling i Kunst og handverk til glede og nytte ved Høgskulen i Sogn og Fjordane avslutta. Eg satsar på at denne sida etter kvart blir fylt av tankar, skildringar og refleksjonar knytt til faget og prosessane eg skal gjennom i løpet av det. Dette blir særleg knytt til dei ulike arbeidskrava vi skal gjere.

Vi fekk den første oppgåva i dag. Det skal vere eit arbeid i visuell kommunikasjon (2D) knytt til temaet "å vere student" eller rettare sagt opplevinga vår av å vere student etter dei to første dagane i dette faget. I den fire stegs prosessoppskrifta vi har fått er nummer ein å samle minne frå dagane. Eg kjem til å legge ut noko om det om ikkje så altfor lenge:)