tirsdag 8. februar 2011

Nytt semester - ny samling - ny oppgåve

Eit nytt semester er i gang, og nye oppgåver ventar. 24. og 25. januar var vi atter samla i Sogndal og denne gongen stod evaluering, vurdering, fagdidaktikk, design og redesign på tapetet. Dagane vart ei blanding av forelesing, samtale, deling av erfaringar og hjartesaker, inspirasjon og eige arbeid.

Vi fekk utlevert oppgåva til eit nytt arbeidskrav på samlinga, denne gongen i design. Det vi skal designe er ein kniv, og denne gongen står miljø og berekraftig tenking i fokus. Måla våre for oppgåva skal vi formulere sjølve. Etter ein del diskusjon med meg sjølv har eg landa på desse måla:
  • Å lage ein kortfatta presentasjon av norsk knivhistorikk (teknikkar, materiale, dekorasjonar, bruksområde) og kjelder til personleg inspirasjon (formalestetiske verkemiddel, eit utval kunstnarar), både for å nytte kunnskapen til vala i min eigen knivprosess og for å kunne nytte presentasjonen i undervising seinare, som ein introduksjon/ idekjelde til å lage kniv
  • Å tenkje berekraftig i material- og prosessval
  • Bli kjend med nokre av eigenskapane til eit utval ulike tretypar
  • Fokusere på samanhengen mellom praktisk bruk og estetisk uttrykk (t.d. i format, tekstur, ornamentering) i utforminga av knivskaftet
  • Få grunnleggjande kunnskap om korleis ein lagar ein kniv (verkty, teknikkar, samanføying), slik at eg sjølv kan gjere det med elevar seinare
Gjennom arbeidet med målformuleringar har eg fått erfare at det ikkje er enkelt å formulere konkrete mål. Ein må ha ein ganske omfattande kunnskap både om emnet, eigne føresetnader og elevane sine føresetnader i dette arbeidet i skulen. Eller prøve og feile. Det er gjerne grunnen til at det er så travelt å vere lærar dei første åra i jobb.

Elles hadde vi forelesing og samtalte om vurdering, både i forhold til vår eigen eksamen og for elevar i skulen, vi fekk tips og inspirasjon i høve K&H og vi hadde forelesing om fagdidaktikk. Gode tips:
  1. Eit strålande argument for K&H-undervising er at det kan vere med på å utvikle kreativitet, noko som er mykje ettertrakta i samfunnet vårt
  2. Peter Dormer: det er forskjell på å arbeide etter reglar og etter reglar for prosedyre...
  3. Å lære om form er erfaringslæring!
  4. K&H i skulen kan vise elevane at å arbeide mykje med ein ting er bra - til meir ein finpussar, til finare blir resultatet 
Det var òg mange strålande tips å hente frå forelesinga i fagdidaktikk. For det første handlar arbeid innan kunst og handverk om å sjå og å utvikle resepsjonsevna ein har. Kva ser ein? Korleis ser ein? Kan det tenkjast at det finst andre måtar å sjå? Som lærar har ein mykje å støtte seg på i arbeidet, både lærebøker, inspirasjonsmateriale frå bøker og internett, kollegaer, lokal kunst, bibliotek.

Som inspirasjonsmateriell, både generelt og til designoppgåva, fekk vi sjå nokre bilete og smykke. Her er nokre bilete av dei:

Afrikansk smykke laga av papirstrimlar frå glansa vekeblad

Ulike bilete eg fann fascinerande