fredag 12. november 2010

Kunstoppgåva - Inntrykk frå naturen

Her er originalbiletet og tre utkast/utprøvingar. Silkepapirbiletet var det første eg gjorde. Eg arbeidde først ein del med å få bakgrunnen litt lik i fargen som måleriet til Weidemann, og la deretter på strimlane med rosa, grønt, lilla og kvitt litt om einannan for å prøve å få fram litt av uttrykket i originalbileet. Prøvde å legge dei enkelte fargane i retninga som tilsvarte Weidemann sine målarstrøk, og lukkast delvis i det. Det var litt vanskeleg å arbeide med strimlane fordi det vart så klissete med limen. Eg likte resultatet, men såg ikkje det store utviklingspotensialet i arbeidet og ville prøve andre teknikkar.

Vidare prøvde eg meg fram med voksfargar og ulike måtar å bruke dei på i sketchboka, før eg teikna voksfargeteikninga de ser her. Fargane vart i utgangspunktet for sterke for det duse uttrykket til Weidemann, men eg løyste problemet ved å teikne litt svakt med fargane og blande dei til eg fekk ein sterk variant av fargen eg ville ha, for så å teikne over dei og stryke dei utover med kvitt. På bakgrunnen la eg heile stiften nedåt papiret og drog den over. Det skapte eit noko lunde jamt uttrykk, som vart endå jamnare då eg gjekk over med kvitt etterpå. Sjølve dei tre hovudområda med fargar teikna eg med vanlege strekar. Eg hadde ikkje riktig grønfarge, men fekk fram denne ved å bruke både lys grøn og blått. Vart godt nøgd med resultatet. I blåfargen blanda eg blått og lilla. Det fekk òg fram ein fin nyanse då eg gjekk over med kvitt. Eg likte denne teikninga. Det kvite gjorde verkeleg utslag på uttrykket og gav biletet eit slags draumeaktig preg. Bakgrunnen vart roleg og det lilla nedst kan gi assosiasjonar til land og det blå øvst til himmel. Slik blir landskapet ein roleg bakgrunn til hovudmotivet i fargane i midten. Eg ser tydelegare at dette er inntrykk frå naturen.

Men som sagt i eit tidlegare innlegg, foreslo Berit at eg kunne la meg inspirere av Ghada Amer. Eg vart fascinert av uttrykket hennar etter å ha sett litt på nokre av verka hennar på internett. Eg liker at ho bruker broderi og trådar, tradisjonelle metodar kvinner lenge har brukt, til å få fram ein feministisk bodskap. Lause trådendar kan vere verknadsfullt. I arbeidet med Weidemann har eg vore oppteken av å få fram målarstrøka hans, og eg ser potensialet med å bruke lause trådar til å måle med tråd. Dette måtte prøvast ut. Eg diskuterte mykje med mamma om kva som kunne vere gode stoff å sy på. Eg fekk med både strie og linstoff i tillegg til bomullsstoffet eg sjølv har. Eg bestemte meg for å prøve striestoffet først, som vist her.
Eg ville i utgangspunktet ha ein kvit bakgrunn, men ville prøve det brune striestoffet for å sjå korleis det brune passa inn og fordi eg tenkte at det var dette stoffet som passa best saman med linstrygarnet eg hadde tenkt å bruke. Utprøvinga vart òg eit forsøk på å få fram eit Ghada Amer-uttrykk som kunne passe til Weidemann. Trådane her er omtrent berre lause endar. Eg forsøkte å sy dei langs linjer som kunne tilsvare måleriet og brukte kvit tråd for å prøve å få fram retning på strøka, samt det kvite i dei. Eg synest resultatet vart for grovt og fekk ikkje fram det eg ville.

Då bestemte eg meg for å prøve vanleg bomullsstoff, slik eg i utgangspunktet hadde sett føre meg, spesielt etter at læraren påpeika at fargane eg hadde brukt til å farge stoffet likna dei i måleriet. Eg tenkte at det kunne vere eit interessant uttrykk å gå ut frå.


Her er eg i gong på det som skal bli det ferdige arbeidet. For å få fram dei ulike fargane i måleriet til Weidemann, bruker eg ulike nyansar med kvar farge. Det vil få fram eit fargespel og med mange lause trådar kan det bli som eit måleri. Trur eg. Endeleg fargepalett planlegg eg å vise fram i sketchboka.


Eg starta arbeidet med å legge saman framsidestoffet som eg farga tidlegare med to kvite bomullsstoff i same kvalitet. Desse har eg festa saman med den rosa nålefiltinga i nedre og venstre kant. Denne kanten var først rettare, tjukkare og mindre luftig, men eg synest det vart eit for hardt uttrykk. Difor tok eg den av og festa den på nytt, berre luftigare og mindre bestemt i kantane. Det fungerte betre. Denne kanten blir òg som ei ramme rundt resten av biletet og roar uttrykket ned. Etter å ha sydd på ein nyanse av kvar farge, bestemte eg meg for å halde fram med det blå feltet. Her er to steg i utviklinga.

Noko eg liker med dette arbeidet er kontrasten mellom dei geometriske formene i bakgrunnsstoffet og den rosa ulla og dei organiske formene i broderiet. Broderinga blir som planter som veks opp av den rosa ulla og slik blir dette min versjon av Inntrykk frå naturen. Då eg starta på arbeidet var det meir som ein vill idè som eg ikkje heilt visste kor ville gå. Men etter kvart har eg fått fleire tankar og funne inspirasjon i Vilhelm Bjerke Petersen si bok om symbol i abstrakt kunst og no liker eg uttrykket betre og betre. Gler meg til å sjå det ferdige resultatet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar