tirsdag 26. oktober 2010

25.10.10 - Vev og tenkearbeid i høve kunstoppgåva

I dag var første dag på tredje samling og temaet for dagen var veving. Det er spennande fordi eg ønskjer å vite litt om forskjellen mellom vanleg barnevev, slik eg sjølv har drive med og som er enkelt å gjere i skulen, og fordi mamma har ein vevstol heime, som ikkje er oppe, men som kanskje kan bli sett opp dersom dette er noko som fell i smak;)

Eg har fått prøve litt veving i dag og det verkar kjekt! Eg har fått bekrefta at det ikkje er så altfor ulikt barneveven, berre større og lettare (ein slepp nåla, men kan berre skli skyttelen gjennom trådane som ein har tredd på ein slik måte at det er enkelt å dele dei). Eg innser at ein må sette seg inn i ulike teknikkar og planlegge arbeidet før ein set i gang å veve, men det verkar kjekt!

Skytlar og filleskytlar framme til venstre, biletvev framme til høgre, vevstol bak til høgre, snødekt Sogndal bakerst
Hespetre til venstre, biletvev framme til høgre, spolemaskin bak på bordkant til høgre
Det øvste partiet har eg veva:)
Vevearbeidsplassen min
Vi fekk òg høyre litt om farging, sjølv om det hovudsakleg er tema i morgon. Men farging kan gi mønster både etter veving og strikking, som vist nedanfor.

Brukskunst av læraren vår! - strikka hue og veva skjerf - hua og skjerfet til venstre er farga med ein japansk fargeteknikk
Elles var eg på biblioteket ein tur og lånte meg bøker for å finne inspirasjon til kunstoppgåva mi. Tenkte ein del på alle arbeidskrava i dag, men kunstoppgåva var i hovudfokus. Eg har litt lyst til å arbeide med "Student med pipe" av Picasso, men verka til Weidemann og Thaulow fascinerer meg òg. Vanskeleg val.. Skal få rettleiing i morgon:)

Tenkearbeidsplassen min
What to choose? - Picasso, Weidemann eller Thaulow?

fredag 22. oktober 2010

Vidare arbeid i visuell kommunikasjon

Har tenkt ein del på oppgåva i visuell kommunikasjon. Gjorde ei teikning med voksfargar. Ikkje det heilt store, men har arbeidd litt med symbolfargar. Vegen ein går på går framover i livet, ein lærer meir, ein bokstav om gongen. Alfabetet kjem til STU, dei tre første bokstavane i student. Som student har ein mykje med seg frå vegen ein har gått. Vegen går gjennom både raudt og blått, kjærleik og melankoli. Raudt er òg fargen sosialistane bruker, så på den sida av vegen er den sosiale utviklinga - frå egosentrisk til blikk ut i verda. Den blå sida er meir den individuelle utviklinga; først grunnmur, så etasje på etasje. Både alfabetet og etasjane gir litt djupne i rommet. Dette er mogleg å arbeide vidare med.


Deretter kom eg på ein idé om å få vassfargar til å renne frå kvar si side på eit ark, gult og blått, og så la dette danne ei slags trapp oppover. Det glade og triste går hand i hand og lærer oss ting i livet. Der fargane blandar seg blir det grønt, fargen for liv. Tenkte etterpå å anten lime på eller teikne/male på andre ting i midten av biletet for å vise kva ulike steg i trappa kan innehalde.

Forsøk med vassfargar og akvarellpapir

Utstyret eg brukte- vassfargar i blyantform, akvarellpapir og vatn påført med pensel og svamp
Akkurat no liker eg det siste utkastet best. Funkar bra med vassfargar, men trappa blir ikkje så tydeleg. Kan kanskje vere ein idé å prøve å lage noko liknande med kolstift, sjølv om det då ikkje nødvendigvis blir "ekte" renneeffekt.

tirsdag 19. oktober 2010

Eksperimentering med Paint.NET og fargar

Originalt utgangspunkt







Med inverterte fargar i treet
Eg likte spesielt versjonane med raud og lilla bakgrunn. På dei ser det ut som om bakgrunnsfargen er forskjellige på ulike delar av biletet, alt etter fargen på lauvverket. Eg synest skuggeverknadene òg kjem tydelegare fram på desse. Inverterte fargar var stilig, men såg meir ut som frost enn eit tre; motivet vart flatare.

tirsdag 12. oktober 2010

Naturleg inspirasjon

Det har vore vakkert haustver dei siste dagane, både i Bergen og heime. Det resulterte på fredag og laurdag i flotte bilete utandørs. Eg er særleg imponert over fargeprakta i naturen om hausten. Ein kan finne komplementærfargar i mange versjonar, og dersom ein tek med den gnistrande blå himmelen, finn ein alle grunnfargane i NCS, Natural Color System; grønt, gult, raudt, blått. Her er nokre glimt frå vandringa mi:









Det er ikkje vanskeleg å sjå kva lyshøve har å gjere for motivet, men naturen har absolutt mykje å by på! Kvart enkelt av bileta kan relaterast til temaet "å vere student" både fordi det handlar om å vekse og bli ein del av samfunnet og å skilje seg litt ut.

mandag 11. oktober 2010

Merksemd mot linjer og flater

Etter undervisinga sist om linjer og flater, vart eg oppglødd over dette kunstverket heime i stova hos nokre vener. Enjoy!

søndag 10. oktober 2010

14.09.10 - trykk og skulebesøk

Den andre dagen på den andre samlinga.

Her arbeidde vi med linotrykk og materialtrykk/monotrykk, fekk informasjon om eit arbeid vi skal gjere til våren og var på besøk på Sogndal ungdomsskule, der ei engasjert K&H-dame fortalte oss om diverse prosjekt og framgangsmåtar i faget. Interessant og inspirerande!

Trykksverte
Diverse til bruk i materialtrykk
Døme på linotrykk og materialtrykk kombinert
Plansjar brukt i fargelære på Sogndal Ungdomsskule - NCS
Arbeid med søkarar for å finne utsnitt ein kan bruke vidare
Imponerande stoffcollage frå eit prosjekt om utvandringa til Amerika