Vi fekk utlevert oppgåva til eit nytt arbeidskrav på samlinga, denne gongen i design. Det vi skal designe er ein kniv, og denne gongen står miljø og berekraftig tenking i fokus. Måla våre for oppgåva skal vi formulere sjølve. Etter ein del diskusjon med meg sjølv har eg landa på desse måla:
- Å lage ein kortfatta presentasjon av norsk knivhistorikk (teknikkar, materiale, dekorasjonar, bruksområde) og kjelder til personleg inspirasjon (formalestetiske verkemiddel, eit utval kunstnarar), både for å nytte kunnskapen til vala i min eigen knivprosess og for å kunne nytte presentasjonen i undervising seinare, som ein introduksjon/ idekjelde til å lage kniv
- Å tenkje berekraftig i material- og prosessval
- Bli kjend med nokre av eigenskapane til eit utval ulike tretypar
- Fokusere på samanhengen mellom praktisk bruk og estetisk uttrykk (t.d. i format, tekstur, ornamentering) i utforminga av knivskaftet
- Få grunnleggjande kunnskap om korleis ein lagar ein kniv (verkty, teknikkar, samanføying), slik at eg sjølv kan gjere det med elevar seinare
Elles hadde vi forelesing og samtalte om vurdering, både i forhold til vår eigen eksamen og for elevar i skulen, vi fekk tips og inspirasjon i høve K&H og vi hadde forelesing om fagdidaktikk. Gode tips:
- Eit strålande argument for K&H-undervising er at det kan vere med på å utvikle kreativitet, noko som er mykje ettertrakta i samfunnet vårt
- Peter Dormer: det er forskjell på å arbeide etter reglar og etter reglar for prosedyre...
- Å lære om form er erfaringslæring!
- K&H i skulen kan vise elevane at å arbeide mykje med ein ting er bra - til meir ein finpussar, til finare blir resultatet
Som inspirasjonsmateriell, både generelt og til designoppgåva, fekk vi sjå nokre bilete og smykke. Her er nokre bilete av dei:
Afrikansk smykke laga av papirstrimlar frå glansa vekeblad |
Ulike bilete eg fann fascinerande |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar