torsdag 11. november 2010

Å arbeide tverrfagleg

Tverrfagleg arbeid er nyttig for å skape ein samanheng for barna. Det kan gi meir meining og samstundes legge til rette for episodar som kan vere lettare å hugse. I praksis det første året mitt på lærarutdanninga hadde vi eit tverrfagleg arbeid om vikingtida, i sjette klasse. I historie var vikingtida tema, vi las ei bok i norsktimar og matpauser med handling frå vikingtida og i kunst og handverk delte vi klassen i fire, der kvar gruppe skulle lage ein eigen pappfigur i full storleik og kle den på måten dei brukte å kle seg i vikingtida. Vi starta med å vise fram bilete av korleis klede, våpen, smykker og liknande frå den tida kunne sjå ut. Deretter var det opp til kvar gruppe å klippe til bølgepapp og sy den saman til ein noko lunde tredimensjonal og proporsjonal kropp i omkring vaksen storleik, samt å bli samde om kva klede figuren skulle ha og lage dei. Det vart eit arbeid der elevane fekk erfaringar med å lage noko stort, ha tolmod, samarbeide, sy, klippe og fordele arbeid. Vi var tre studentar og ein øvingslærar som sette i gong med eit stort prosjekt, og vi hadde nok ikkje turt å gjere det åleine. Men vi fekk erfare at det er mogleg! Sant å seie var vi stolte av produktet, og eg trur elevane lærte mykje og kjem til å hugse prosjektet lenge.

Kunst og handverk er å kunne sjå og oppleve og skape. Det kan gjerast i høve alle tema. Utfordringa er å oppdage korleis og kva som er mogleg innanfor den didaktiske relasjonsmodellen (faginnhald, mål, læringsaktivitetar, rammefaktorar, elev- og lærarføresetnader, vurdering). Ein skal ta vare på det estetiske og oppleve kunst på grunnlag av eigenverdien. Men å nyte og studere og forundre seg på tidlegare uttrykk og samstundes lære noko om tida dei vart til i er fullt mogleg, og gjennom å skape lærer ein. Det vi lærer gir oss idear til å uttrykke oss med og gjennom det vi uttrykker sjølve eller opplever av kunstnariske verk, kan vi lære. Linjer, flater, fargar, valørar, volum, rom hjelper oss å uttrykke oss, hjelper oss å lære.

Ferdig sydd pappfigur, snart montert i stativ

Klar til å bli kledd på




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar