Produkt etter dagen:
- brukarnamn og passord til datapålogging og Fronter etter kvart
- meir eller mindre innpoda kunnskap om sketchbook, Kunnskapsløftet for kunst og handverk (K&H), personopplysingslov og opphavsrett, biblioteksrutiner, gjeldande planar for K&H innan grunnskulelærarutdanninga, utstyret vi treng til faget, foreløpig pensumsliste og første arbeidkrav
- framføring om ulike nettsider som kan nyttast på ulike måtar i K&H-faget - av lærarar og/eller elevar - eg og Lena la fram artlex.com, eit kunstleksikon med definisjonar om over 3600 termar innan kunst; mellom anna spiseskei;)
- studentbloggar som denne
- ulik utprøving av skrift av ulike typar og storleikar, med og utan skugge og tredimensjonal effekt
- gruppeutstilling av dagens og gårsdagens teikningar - der gruppene sjølve fekk stå for utval og oppsett
Praktisk tips: Å vere nær gjer at ein kan sjå og gjere noko med detaljar, å gå på avstand gjer at ein kan sjå heilskapen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar