onsdag 25. august 2010

23. august - ein dag på museet

Første dag, første samling!

Introduksjon: Anders Svor - om Berit Slåttum, ein lærar, sitt museumsbesøk - for å inspirere. Kan nyttast i skulen; gode opplevingar er god reklame og dersom opplevingane blir skildra av ein signifikant andre er det endå betre:)

Gullkorn: Kunst og handverk handlar om å sjå og å lære seg å sjå!

Vidare: Det er viktig å ha kunnskapen som gjer at vi som lærarar kan legge lista passeleg høgt i dei ulike oppgåvene vi gir elevane. Berre slik kan vi skape gleda som ligg i meistring!

Deretter: Tur til dei heibergske samlingane, Sogn Folkemuseum

Museumslektor Anne Avdem fortalte oss engasjert om han godaste Heiberg og kva tilbod museet har for skuleklassar. Museet har absolutt mykje å bidra med! Ho viste oss òg litt rundt, og vi var innom fire hus i området; skulestova bygd i sveitsisk stil, der vi fekk prøve oss i å skrive med pennesplitt og blekk, Underdalsstova, lensmannsstova frå Underdal som var det første huset Heiberg fekk tak i til samlinga si, Geithusbui, ei sengebu frå 1596 og ein plass knytt til familien til mannen min, samt Stavedalsstova, som er ideell til eventyrlesing og flott innreidd. Å komme inn i og oppleve så gamle og velbrukte hus kan gi inspirasjon til mangt!

Som avslutning på dagen nytte vi området, både ute og inne, til å finne objekt og teikne dei. For min del gjekk eg rundt i utstillingane innandørs og fann eit drammeglas og ein sigd eg teikna.

Kateter
- and the wonderous light outside


Orgel, type trø


Pennesplitt og blekk


Sengeteppe og soveromsglimt frå lensmannsstova frå Underdal


Seng i Geithusbui


Dekka bord i Stavedalsstova


Modell nr. 1


Modell nr. 2
(sigden til venstre)


Teikningar av modellane; glas, prøve 2 og sigd, prøve 1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar